Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.
Logoen til dei fem Ryfylke-kommunane. Logo.
Ryfylke IKS. Logo

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Ryfylke IKS skal styrka regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (Forsand). Ryfylkerådet, som består av ordførerane og kommunedirektørane i eigarkommunane, er selskapets operative organ.

Gratis busskort for ungdom 2024-2025

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.

Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Les meir om busskortet

Nyheiter frå Ryfylke IKS

Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir
Deltakerer på båten under Ryfylkekonferansen 2025.

Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

22. og 23. oktober møttest næringsliv, kommunar, organisasjonar og engasjerte ryfylkingar til Ryfylkekonferansen 2025.

Les meir
Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke

Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Les meir

Kva me jobbar med

Ryfylke IKS er ein aktiv aktør i arbeidet med å oppnå gjennomslag for felles regionale satsingar, og for å utvikla gode og framtidsretta lokalsamfunn.

Næringsarbeid

Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.

Mobilitet

Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.

Rekruttering

Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.

B. Grafikk.

Berekraft

Bidrag til å nå FNs berekraftsmål

Ryfylke IKS skal bidra til eit meir berekraftig samfunn i samsvar med FNs berekraftsmål.

FNs berekraftsmål er den felles arbeidsplanen i verda for å oppnå ei meir berekraftig framtid. Strategien vår støtter opp under fleire berekraftsmål og dei prioriterte måla for verksemda vår er:

Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst: Framme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle.

Mål 9 – Industri, innovasjon og infrastruktur: Bygge solid infrastruktur og fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.

Strategi for Ryfylke IKS