KI-arrangement i Ryfylke – 27. august 2026

Korleis kan verksemder i Ryfylke kombinera kunstig intelligens med menneskelege ferdigheiter? 27. august inviterer Ryfylke IKS til ein inspirerande halvdag på Hjelmeland. Målet med arrangementet er å gjera KI meir forståeleg og relevant for verksemdene i regionen. Deltakarane skal få nye perspektiv og konkrete idear dei kan ta med seg tilbake til arbeidsplassen.

Person ser utover fjord- og fjellandskapet.
Foto:

Kunstig intelligens endrar allereie korleis me arbeider, skapar verdi og konkurrerer. Utviklinga går raskt, og for mange verksemder kan det vera vanskeleg å vita kva teknologien betyr i praksis, og kvar ein bør byrja.

På KI + MI = Framtidas konkurransert i Ryfylke får deltakarane innsikt i kva utviklinga kan bety for arbeidslivet og næringslivet dei neste åra. Samstundes blir merksemda retta mot dei menneskelege ferdigheitene som blir endå viktigare når teknologien tek over fleire oppgåver.

Målet med arrangementet er å gjera KI meir forståeleg og relevant for verksemdene i regionen. Deltakarane skal få nye perspektiv og konkrete idear dei kan ta med seg tilbake til arbeidsplassen.

To perspektiv på framtidas arbeidsliv

Lars Rinnan er ein av Noregs mest erfarne og etterspurde foredragshaldarar innan kunstig intelligens. Han har arbeidd med å skapa innsikt frå data i 30 år og har starta seks selskap innan business analytics og KI.

I foredraget «Verda i 2029» ser Rinnan nærare på kor raskt KI-utviklinga går, kva teknologiar som vil påverka næringslivet, og kva verksemder bør gjera no for å stå sterkare i åra som kjem.

Synneva Erland er leiarutviklar, kommunikasjonsrådgivar og foredragshaldar med over 15 års erfaring frå arbeid med leiarar, team og organisasjonar.

I foredraget «Når KI blir smartare, må me bli modigare» viser ho kvifor eigenskapar som dømmekraft, kritisk tenking, kreativitet, kommunikasjon og mot blir stadig viktigare. Ho løftar fram korleis kunstig intelligens og menneskeleg intelligens kan utfylla kvarandre i praksis.

Kven passar arrangementet for?

KI-arrangementet i Ryfylke passar mellom anna for:

  • daglege leiarar og leiargrupper
  • prosjektleiarar
  • personar som arbeider med HR og organisasjonsutvikling
  • personar innan marknad, kommunikasjon og IT
  • tilsette i kommunar og offentlege verksemder
  • andre som er nysgjerrige på KI og usikre på kvar dei skal byrja

Det er ikkje nødvendig å ha erfaring med kunstig intelligens frå før.

Praktisk informasjon

Dato: 27. august 2026
Tid: Kl. 10.00–14.00, registrering frå kl. 09.30
Stad: Smaken av Ryfylke, Hjelmeland
Pris: 1 500 kroner per deltakar, inkludert lunsj, pausemat og kaffi

Les meir og meld deg på

Fleire nyheiter

Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert

Lanseringa av Heim te Ryfylke har fått ein sterk start. Etter besøk ved Strand vidaregåande skule og Sauda vidaregåande skule har nær 300 ungdommar registrert seg på plattforma.

Les meir
Ketil Barkved som smiler til kamera

New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal

New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med…

Les meir
Styret som ser på kamera og smiler

Nytt styre på plass i Ryfylke IKS

Ryfylke IKS har fått nytt styre. Det nye laget har brei erfaring frå både næringsliv, politikk og offentleg sektor, og skal vera med å vidareutvikla arbeidet for eit sterkare og meir framtidsretta Ryfylke.

Les meir