Ein attraktiv region der folk vil bu og arbeide

Ryfylke skal vere ein region der folk vil flytte til, bedrifter vil etablera seg, og optimisme pregar kvardagen.
Logoen til dei fem Ryfylke-kommunane. Logo.
Banner for Ryrekrutt 2026

RyRekrutt 2026

Ungdomsstyret i Ryfylke gjentar suksessen og inviterer til RyRekrutt 30.mars 2026 – den største nettverks- og rekrutteringsfesten for Ryfylke.

Opplev Ari Bajgora på Fiskepiren, porten til Ryfylke. Det blir sjølvsagt god mat frå Ryfylke frå Drøs og Smaken av Ryfylke, og nyttig informasjon frå næringslivet.
Les meir

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsanddelen av Sandnes reise gratis med kollektivtransport.

Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Les meir om gratis ungdomskort
Collage av unge mennesker i ulike jobber.

Nytt trainee-program

Trainee Ryfylke er eit program som koplar nyutdanna med arbeidsgivarar i regionen. Gjennom eitt år i ei relevant bedrift får traineen verdifull erfaring og nettverk. Samtidig får verksemder tilgang til ny kompetanse og moglegheita til å rekruttere.
Les meir

Nyheiter frå Ryfylke IKS

Ketil Barkved som smiler til kamera

New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal

New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med…

Les meir
Styret som ser på kamera og smiler

Nytt styre på plass i Ryfylke IKS

Ryfylke IKS har fått nytt styre. Det nye laget har brei erfaring frå både næringsliv, politikk og offentleg sektor, og skal vera med å vidareutvikla arbeidet for eit sterkare og meir framtidsretta Ryfylke.

Les meir
Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir
Ryfylke IKS. Logo

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes (Forsand). Vi jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møte kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.

Prioriterte satsingar

Ryfylke IKS skal vere bindeleddet mellom eigarkommunane, og sørge for effektivt samarbeid om næringsutvikling, rekruttering og mobilitet for å styrke heile Ryfylkeregionen. I Strategi 2026–2031 har me tre prioriterte satsingar.

Næringsarbeid

Ryfylke IKS skal styrke grunnlaget for vekst og utvikling ved å sikre betre tilgang på næringsareal, straum og infrastruktur.

Mobilitet

Ryfylke IKS skal vere ein pådrivar for framtidsretta løysingar som gjer det enklare, tryggare og meir effektivt å reise både internt i regionen og ut mot større marknader.

Rekruttering

Ryfylke IKS skal jobbe for betre tilgang på kompetanse og arbeidskraft i sentrale bransjar og skape attraktive rammer som gjer at fleire unge og familiar vel å bu i Ryfylke.

Våre verdiar

Framtidsretta

Me ser framover og legg til rette for berekraftig vekst, innovasjon og nye løysingar.

Ikon:truverdig

Truverdige

Me byggjer tillit gjennom openheit, kompetanse og ansvar.

Inkluderande

Me utviklar Ryfylke saman med kommunar, næringsliv og lokalsamfunn.