Ny fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa

Hausten 2024 kjem det ei ny fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa i Ryfylke.

Ei kvinne står framfor mange frukttre og snakkar til ei gruppe mennesker. Foto.
Foto: Visit Ryfylke

Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv

Utdanninga er på 60 studiepoeng, men det er planlagt å utvide utdanninga med fleire emne til 120 studiepoeng.

Landbruk er ei viktig næring i Ryfylke og det er behov for eit utdanningstilbod både innan tradisjonelle landbruksemne og innan nye næringsvegar. Den siste tida har det vore ein aukande grad av produksjon av sider, vin og ost i Ryfylke – næringar som ligg tett opp mot reiselivet. Det er derfor behov for meir kompetanse, både i forvaltinga og i produksjonen. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.

Utdanninga startar hausten 2024 og er eit modulbasert undervisningsopplegg som vil foregå i Ryfylke. Undervisninga er samlingsbasert i lågsesongen til landbruket og reiselivet, som er frå september til mars.

Det er Fagskolen i Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga.

Les meir om Grønt entreprenørskap for landbruk og reiseliv.

Fleire nyheiter

Ketil Barkved som smiler til kamera

New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal

New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med…

Les meir
Styret som ser på kamera og smiler

Nytt styre på plass i Ryfylke IKS

Ryfylke IKS har fått nytt styre. Det nye laget har brei erfaring frå både næringsliv, politikk og offentleg sektor, og skal vera med å vidareutvikla arbeidet for eit sterkare og meir framtidsretta Ryfylke.

Les meir
Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir