Ungdom

Ungdom i Ryfylke

Dei unge er viktige for regionen. Her er ei oversikt over Ungdomsstyret i Ryfylke sine regionale satsingar.
Ei ung kvinne som går saman med tre andre gutar - ho har sekk på ryggen og snur seg og ser på kamera og smiler.

Tiltak

Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret består av medlemmar frå alle alle kommunane i Ryfylke. Styret skal vera ein viktig pådrivar for å auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylkeregionen. Dette inkluderar å bidra til å byggja gode møtestader og å styrkja Ryfylke sin posisjon som ein attraktiv plass å bu og arbeide for ungdom. 

Ungdomsstyret i Ryfylke

Ryrekrutt

Ryrekrutt er ein nettverk- og rekrutteringsfest som arrangerast 15. april på Fiskepiren. Her kan ungdom få innsikt i jobb- og nettverksmoglegheiter i regionen, møte bedrifter og oppleva konsertar med TØFL og Isah. Arrangementet rettar seg mot ungdom som studerer vekke, bur i regionen eller ønskjer å utvida nettverket sitt.

Ryrekrutt 2025

Ungdomsutvalet

Ryfylkerådet sette 3.juni 2022 ned eit utval av unge frå Ryfylke-kommunane. Utvalet ga innspel til kva som kan gjerast for at regionen skal vera ein god stad for unge å bu og arbeida. Ungdomsutvalet drøfta ulike problemstillingar og lagde ei oppsummering med konklusjonar som vart presentert i ein rapport.

Rapport: Tilrådingar frå ungdomsutvaletVideo om arbeidet til ungdomsutvalet

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Ungdom i Ryfylke-kommunane kan reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Her får du informasjonen du treng om ungdomsbilletten.

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Heilt Heim

Heilt Heim er ein kommunikasjonsplattform for ungdom i Ryfylke, med mål om å visa fram arbeidsmoglegheiter og kva som skjer i regionen for ungdom. Gjennom Heilt Heim vil får ungdom betre innsikt i kva for jobbar som finst, samtidig som bedriftene blir meir kjende med kva kompetanse og talent ungdommen kan tilby. Prosjektet byggjer vidare på sommarjobben.no og vil bidra til å gjera vegen frå utdanning til arbeidsliv i Ryfylke enklare. Nettsida vil lanserast hausten 2025. 

Heiltheim.no (kjem snart)

Trainee-program

For å styrka næringslivet i Ryfylke vil me etablera eit trainee-program som koplar ungdom med bedrifter i regionen. Programmet skal gi studentar og nyutdanna eit forpliktande 12-månaders løp der dei får relevant arbeidserfaring, medan bedriftene får utvikla moglege framtidige medarbeidarar.

I tillegg til jobb vil deltakarane få eit sosialt fellesskap gjennom samlingar og nettverksbygging. Målet er å få dei første traineestillingane på plass hausten 2026.

Ungdomsstyret i Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke er eit overordna organ for ungdomsråda i Ryfylke i saker som handlar om å vera ung i regionen.

Oppgåver

Styret skal vera ein viktig pådrivar for å auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylkeregionen, mellom anna ved å bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen.

Organisering

Ungdomsstyret i Ryfylke har ti medlemmer, to frå kvar av eigarkommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes.

Handlingsplan for ungdomsstyret i Ryfylke

Kontakt

Anne Langeland Bratthammer
Leiar
Telefon: 948 52 902
ungdomsstyret@ryfylkeiks.no

Nina Fjellskaalnes
Koordinator
Telefon: 415 54 406
nina@ryfylkeiks.no

Ungdomsstyret medlemmer

Sandnes kommune

Tiril Espedal
Medlem
Brede Krogedal
Vara
Medlem
Vara

Sauda kommune

Eivind Hustveit
Medlem
Maja Kristin Janson Jordal
Vara
Ingrid Fatnes
Medlem
Martine Hocking
Vara

Suldal kommune

Arin Eiriksønn
Medlem
Nora Østebø
Vara
Johanne Klungtveit Næsje
Medlem
Johan Kilane
Vara

Hjelmeland kommune

Elise Sværen Oaland
Medlem
Øyvind Opdahl Viga
Vara
Peder Krokedal
Medlem
Marte Hovda
Vara

Strand kommune

Anne Bratthammer
Medlem
Gabriel Havrevold
Vara
Joel Nag
Medlem
Malene Hatteland
Vara

Møteplan 2025

Møte 1

Laurdag 11.januar
kl. 10:00 – 14:00
Radisson Blu Atlantic

Møte 2

Torsdag 13. februar
kl. 16:00 – 18:00
Digitalt

Møte 3

Fredag 21.mars
kl. 16:00 – 19:00
Stavanger

Møte 4

Tysdag 10.juni
kl. 16:00-18:00
Digitalt

Møte 5

Tysdag 21.oktober
kl.16:00-18:00
Digitalt

Møte 6

Tysdag 9.desember
kl.16:00-18:00
Digitalt

Møteprotokoll