Kunstig intelligens og attraktivitet er tema på MOR-konferansen 2024

For 9. gang skal MOR-konferansen arrangerast i Ryfylke. I år blir den arrangert 5.-6. september på Sand i Suldal. Hovudtemaet i år er kunstig intelligens og attraktivitet.

Foto: Bilete er generert av DALL·E, ein AI-modell utvikla av OpenAI.

Eit spennande konferanseprogram med kulturkveld og middag er no under utvikling. I fjor vart MOR-konferansen utseld med over 150 deltakarar i Sauda. Prosjektleiar Einar Schibevaag reknar med det er stor interesse for konferansen også i år.

Kva er MOR-konferansen?

– MOR-konferansen er ein arena der me set kompetanseutvikling som grunnlag for vekst og innovasjon på dagsorden.

Kva er tema for årets konferanse?

– Årets konferanse blir svært spennande! I år skal me setje kunstig intelligens (KI) som det overordna temaet og sjå nærmare på korleis me kan bruka KI i å styrkja Ryfylke. Eksempel på nokre spørsmål me vil svare ut:

  • Korleis kan næringslivet bruka KI til å bli enda betre?
  • Korleis kan KI vera ein ressurs i omsorg og velferd for eldre?
  • Kva rolle får KI for utvikling av attraktivitet og mobilitet i regionen vår? 
  • Kan KI spele ei rolle i integreringsarbeidet- og koss opplever innvandrarar Ryfylke?

– KI kan forandre veldig mange av oppgåvene våre i framtida. Om fem år vil mange av våre oppgåver bli betrakteleg endra som eit resultat av utviklinga av kunstig intelligens.

– På dag to av konferansen skal me snakka om attraktivitet og kva slags verdiar som er viktig å spela på for en region som Ryfylke kan bli meir attraktiv. Korleis tek me vare på flyktningar som kjem til Ryfylke, og korleis kan dei få moglegheit til å bruke ressursane sine?

– Før konferansen blir det utført ei kartlegging der innvandrar i Ryfylke blir spurt om korleis dei opplever Ryfylke – kva fungerer og kva kan regionen bli betre på for å hjelpe dei til å bli ein del av samfunnet? Dei skal jo vera med å byggja samfunnet vårt videre. Resultatet frå undersøkinga vil presenterast på MOR-konferansen.

Kven er MOR-konferansen for?

– MOR-konferansen er ein møteplass for alle som jobbar med utvikling i Ryfylke. Me tek opp universelle tema som gjeld for alle, og brukar døme frå Ryfylke for å illustrera dei. Konferansen er også svært aktuell for alle som jobbar med å få fleire til å bu og leve i Ryfylke. Målet med konferansen er at folk skal bli inspirert og få kunnskap, men også møtast og dele kunnskap og erfaringar med kvarandre.
 
Meir informasjon om program og påmelding vil bli annonsert på MOR-konferansen 2024.
 
Kontaktperson: Einar Schibevaag, einar@ryfylkeiks.no, tlf. 913 08 972.

Anne-Kat Hærland, humorist og KI-ekspert. 
Axel Braanen Sterri, postdoktor ved Oslo Met.
Brynjar Andersen Saus, prosjektleiar Tromsø Arctic Simulation Centre – TASIC.
Ben Martin, jobbar med global stadsutvikling for HKS inc. 
Trond Hovland, administrerande direktør – ITS Norway.
Sabine Otto-Rød, samfunnsanalytikar ved Ryfylke Prana.  
Lisa Stornes, lektor ved Sauda vidaregåande skule.
Håvard Handeland, ordførar i Sauda kommune.
Jon Terje Aksland, produktsjef i Uni Micro AS.
Ishita Barua, lege med doktorgrad innan kunstig intelligens i medisin.
Alf Aadnøy, forretningsutviklar i Ryfylke Næringshage.
Irene Heng Lauvsnes, rådsordførar i Ryfylke.
Espen Geelmuyden Rød, rådgjevar Rogaland fylkeskommune.
Ingvild Erøy, leiar i Kakadu Ignite AS.
Bjørn Wigdel, næringssjef i Strand kommune.
Bonolo Ramphomane-Aandahl, næringsdrivande og folkevald Suldal.
Ole Ueland, fylkesordførarar i Rogaland fylkeskommune
Therese Ramsland, sekssjonsjef i Stavanger kommune IT og systemforvaltning.
Eli Nessa, styreleiar i Pårørandesenteret og Ryfylkemuseet.