Nytt samarbeid om traineeprogram i Ryfylke

Ryfylke IKS inngår samarbeid med Trainee SørVest (TSV) for å gi nyutdanna ei unik moglegheit til å starte karrieren sin i Ryfylke. Bedrifter i regionen kan no få tilknytt seg traineear som, i tillegg til TSV sitt ordinære program, får eit eige opplegg – «Ryfylkepakken».

Fire kvinner står samla ute på graset og smiler til kamera.

Eige opplegg for Ryfylke

Ungdomsstyret i Ryfylke IKS har lenge hatt eit mål om å få på plass eit traineeprogram i regionen. Med støtte på 1 million kroner frå ordninga Berekraftig omstilling i Rogaland er satsinga no ein realitet. Løysinga vart å bli med i Trainee SørVest, som allereie er eit sterkt etablert program med stor nasjonal rekkevidde. Med ein ekstra «Ryfylkepakke» får traineear oppleve regionen på sitt beste, medan arbeidsgivarane får marknadsført seg mot eit breitt felt av ambisiøse og dyktige søkjarar frå heile landet.

«Ryfylkepakken» består av ekstra samlingar og aktivitetar som viser fram både næringslivet og livskvaliteten i Ryfylke. Målet er at traineear ikkje berre skal få spennande arbeidserfaring, men òg bli kjent med moglegheitene i regionen – som ein stad å leve og bu.

Behov for fleire bedrifter

For å lukkast med satsinga treng me fleire bedrifter i Ryfylke som vil ta imot traineear. Dette er ei unik moglegheit til å sikre ny kompetanse, styrke rekrutteringa og samstundes bidra til å gjera Ryfylke til ein enda meir attraktiv arbeidsregion. Me oppmodar både bedrifter og kommunar til å melde seg på og gi nyutdanna sjansen til å starte arbeidslivet i Ryfylke.

Meld di interesse for Trainee Ryfylke her

Om Trainee SørVest

Trainee SørVest vart etablert i 2019 av Næringsforeininga i Stavanger-regionen og Universitetet i Stavanger. Programmet varer i eitt år og kombinerer praksis i bedrift med fagleg utvikling gjennom månadlege samlingar.

Kvart år søkjer fleire hundre nyutdanna frå både norske og internasjonale universitet og høgskular, og 9 av 10 traineear får tilbod om fast jobb i bedrifta etter avslutta program.

Kontaktperson for Trainee Ryfylke

Andrea Hebnes Tobekk
Andrea@ryfylkeiks.no

Fleire nyheiter

Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir
Deltakerer på båten under Ryfylkekonferansen 2025.

Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

22. og 23. oktober møttest næringsliv, kommunar, organisasjonar og engasjerte ryfylkingar til Ryfylkekonferansen 2025.

Les meir
Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke

Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Les meir