Utdanningstilbod i Ryfylke

Den blå åker – kompetanseløft for havbruksnæringa

Jobbar du innan havbruksnæringa og ønskjer fagleg påfyll? Vil du lære om økonomistyring og havbruksforvaltning i eit grønt skifte? Da kan du ta vidareutdanning gjennom eit modulbasert deltidsstudium i Ryfylke.
Havbruksanlegg i sjøen med fjell og blå himmel i bakgrunnen.

Organisering

Kursserien består av frittståande kurs à 15 studiepoeng. Kvart kurs går på deltid over eit semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.

Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS, Grieg Seafood ASABremnes Seashore AS, Sterling White Halibut AS, Mowi, Fister Smolt og Tytlandsvik Aqua. Prosjektet var i perioden 2021 – 2023 finansiert av Kompetanse Norge og er i perioden 2023 – 2027 finansiert av Ryfylkefondet og Ulla Førre fondet.

Kursserie

Hausten 2021: Havbruksøkonomi 
Våren 2022: Organisering og leiing i havbruksnæringa
Hausten 2022: Bærekraftig havbruk for framtida 
Våren 2023: Kvalitetsleiingog HMS i havbruksnæringa
Hausten 2023: Havbruksøkonomi 
Hausten 2023: Miljøvitenskap i havbruksnæringa 
Våren 2024: Organisering og leiing i havbruksnæringa 
Våren 2024: Kommunikasjon i havbruksnæringa
Hausten 2024: Miljøvitskap i havbruksnæringa
Hausten 2024: Fiskens anatomi, fysiologi og velferd
Hausten 2024: Havbrukshistorie frå Noreg til verda 
Våren 2025: Kvalitetsleiingog HMS i havbruksnæringa
Våren 2025: Bærekraftig havbruk for framtida

Søk her

Kontaktinformasjon