Arena Ryfylke 2024

Folk i Ryfylke trivst betre med livet enn folk flest, viser ei fersk undersøking. Men korleis står det til med næringslivet? Har me nok arbeidskraft, og er det nok energi til alle? Dette er spørsmål som skal utforskast på Arena Ryfylke 2024.

Foto: Næringsforeininga i Stavanger-regionen

Temaet for årets konferanse er kraftfull livsglede, med fokus på livsglede, arbeidslyst, ungdom og energi. Blant innleiarane finn me spanande namn som Remy Atle Bilsback frå Sparebanken Vest, Svein Ilstad frå Statkraft og Anne Bratthammer frå ungdomsstyret i Ryfylke – og mange fleire. Det blir eit variert og inspirerande program med aktuelle tema, god mat og flotte naturopplevingar i Sauda.

Konferansen passar for deg som er oppteken av næringsutvikling, bulyst og framtida i Ryfylke. Programmet startar på Folkets Hus, arbeidarrørsla si høgborg, vidare på busstur/vandring i Sauda for å bli kjent med næringsliv, Sauda vgs., Sauda Skisenter og Sauda sentrum – og avsluttast med festmiddag på Sauda Klubb. Her blir det òg utdeling av Pilt-Ola-prisen.

Dato: 12. november
Tid: 10.00 – 19.30
Stad: Folkets hus/Sauda klubb i Sauda

Arena Ryfylke 2024 blir arrangert av Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeininga i Stavanger-regionen, i samarbeid med Sauda kommune og Sauda Vekst. Velkomen til ein dag fylt med inspirasjon, nettverksbygging og smakfull lokal mat!

Kjøp billettar til Arena Ryfylke (naeringsforeningen.no)


Nyheiter frå Ryfylke IKS

Fleire nyheiter

Janet Jørmeland. Foto.

Janet Jørmeland er ny prosjektleiar for Heim te Ryfylke

Ryfylke IKS har tilsett Janet Jørmeland som ny prosjektleiar for satsinga Heim te Ryfylke. Ho kjem frå Hjelmeland, har bakgrunn frå internasjonal marknadsføring – og brenn for å styrkje stoltheit og tilknytinga til regionen

Les meir
Deltakerer på båten under Ryfylkekonferansen 2025.

Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

22. og 23. oktober møttest næringsliv, kommunar, organisasjonar og engasjerte ryfylkingar til Ryfylkekonferansen 2025.

Les meir
Foto: fjord og fjell i høstdrakt i Ryfylke

Ryfylke utdanningssenter søkjer dagleg leiar

Ryfylke utdanningssenter IKS søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å byggje opp og vidareutvikle senteret som ein viktig aktør for kompetanseutvikling i Ryfylke-regionen.

Les meir