Bilete teke av ei drone som viser industriområde i Årdal.

Kartlegging av framtidige næringsareal i Hjelmeland

Hjelmeland kommune er i gang med å rullere kommuneplanens arealdel. Som del av arbeidet blir…

Eige opplegg for Ryfylke

Hjelmeland kommune er i gang med å rullere kommuneplanens arealdel. Som del av arbeidet blir det no gjennomført ei kartlegging av eigna areal for framtidig nærings- og industriverksemd. Prosjektet blir leia av Ryfylke IKS/New Kaupang i samarbeid med kommunen og lokalt næringsliv.

Viktig å vere i forkant

– Skal me vere attraktive for etableringar i framtida, må vi ha oversikt over kva areal som faktisk kan utviklast. Difor gjer vi no ein grundig kartlegging, seier Ketil Barkved i Ryfylke IKS.

Han peikar på at prosjektet vurderer ei rekkje faktorar: arealstorleik, reguleringsstatus, energitilgang, vatn og avløp, logistikk og moglegheiter for sirkulære løysingar.

– Det handlar ikkje berre om å finne tomter, men å sikre at dei er framtidsretta og tilpassa behova næringslivet har, understrekar Barkved.

Innspel frå næringslivet

Arbeidet blir organisert som eit prosjekt i tett dialog med næringslivet i Hjelmeland. – Me ønskjer å høyre frå bedriftene: Kva treng dei for å kunne vekse vidare, og kva kan gjere kommunen meir attraktiv for nye etableringar? Det er viktig at næringslivet sjølv får vere med og påverke, seier Barkved.

Frist for innspel

Prosjektet skal munne ut i konkrete forslag til areal som kan innarbeidast i den nye arealdelen av kommuneplanen – både på land, i sjø og i fjell.

Fristen for å kome med innspel er 10. desember 2025.

Send innspel til kommuneplanen på Hjelmeland kommune si nettside

Ryfylke IKS. Logo

Samarbeid for vekst i Ryfylke

Ryfylke IKS jobbar for å styrka regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes.
Ryfylkerådet, som består av ordførarane og rådmennene i eigarkommunane, er selskapets operative organ.
Litt GDPR tekst om hvordan man behandler data