Grønt mangesysleri og entreprenørskap, som gir 60 studiepoeng, er samlingsbasert og blir gjennomført i Ryfylke. Målet er å styrkja kompetansen innan berekraftig utvikling, nyskaping og entreprenørskap, med hovudfokus på landbruk og andre grøne sektorar.
Første samling gjekk over tre dagar på Mo Laksegård i Suldal, der bedriftsøkonomi og leiing stod på agendaen. Desse emnet skal leggja grunnlaget for vidare utvikling av forretningsideane som studentane skal arbeide med gjennom studieløpet.
I løpet av studieløpet vil studentane samlast på ulike stader og fordjupa seg i eit brett spekter av tema – innan entreprenørskap, foredling og marknadsføring. Målet er å gje studentane verktøy til å etablera og drifta berekraftige og lønsame verksemder som kan bidra til både lokal og nasjonal utvikling.
Informasjon om “Grønt mangesysleri og entreprenørskap”
Nyheiter frå Ryfylke IKS
- Vil me ha folk til Ryfylke, må me visa fram jobbane som finst her
- Då New Kaupang starta, mangla Rogaland areal – no er fleire etableringar i gong
- Ryfylkekonferansen 2026: Optimisme og modige satsingar
- Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare
- Nær 300 ungdommar registrerte seg då Heim te Ryfylke vart lansert



