Ledige studieplassar på grønt mangesysleri og entreprenørskap

Frå og med fredag 31. mai klokka 09.00 er det mogleg å søkja om studieplass på grønt mangesyleri og entrepenørskap via Samordna opptak.

Foto: Fagskolen Rogaland

Frå og med fredag 31. mai klokka 09:00 er det mogleg å søkja om studieplass på grønt mangesyleri og entreprenørskap via Samordna opptak.

Grønt mangesysleri og entreprenørskap er ei fagskuleutdanning for landbruks- og reiselivsnæringa i Ryfylke. Studiet er på 60 studiepoeng fordelt på fire emne som blir gjennomført over to år.

Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke i lågsesongen for næringa (september-mars). Det vil seia at studenten følgjer undervisninga via opptak på nett utanom samlingsvekene. I samlingsvekene møtest studentane til undervisning. Det vil leggjast opp til tre samlingar per modul, til saman 12 samlingar på to år.

Utdanninga er relevant for dei som jobbar i eller har erfaring frå landbruket eller reiselivet. Eller for dei som er interessert i å utforska korleis gardsressursar kan utviklast på ein meir berekraftig måte.

Les meir om dei ulike modulane på fagskolenrogaland.no og søk studieplass via samordnaopptak.no.

Det er Fagskolen Rogaland og Ryfylke IKS som står bak utdanninga. Innhaldet i utdanninga er basert på innspel frå landbruks- og reiselivsnæringa.


Nyheiter frå Ryfylke IKS