Nytt selskap – nye muligheiter
Ryfylke utdanningssenter IKS har no formelt tatt over ansvaret for utdanningstilbodet i Ryfylke frå Ryfylke IKS. Selskapet har frå 1. april tilsett Maria Randaberg som midlertidig dagleg leiar i 30 % stilling i tillegg til Einar Schibevaag som rådgivar. Utdanningssenteret vil få kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland, og det er ønskje om tett samarbeid om fleire administrative oppgåver. Det nye selskapet skal no utvikle og koordinere tilbodet vidare, men førebels ligg all informasjon om studietilboda framleis på nettsidene til Ryfylke IKS.
Etablering av Ryfylke Utdanningssenter IKS markerer eit viktig steg i arbeidet med å tilby høgare utdanning og vidareutdanning i regionen – nær folk og arbeidsliv.
Utdanningstilbod i Ryfylke hausten 2025
Hausten 2025 byr på eit variert utdanningstilbod i Ryfylke. Blant utdanningane du kan starte på denne hausten:
- Grøn logistikk og samhandling
- Resirkulerande akvakultursystem (RAS)
- Entreprenørskap og grønt mangesysleri
Dette er utdanningar som er relevante for næringslivet i Ryfylke – og som gir deg kompetanse du kan bruke med ein gong. Her finn du oppdatert oversikt over utdanningar i Ryfylke
Ei felles satsing for framtida
Ryfylke Utdanningssenter IKS skal vere ein motor for å sikre kompetanse og tilgang til relevant utdanning. Målet er at folk i Ryfylke kan ta utdanning der dei bur, og at næringslivet får tilgang på den kompetansen dei treng.
Saka om utdanningstilbodet og etableringa har vore til orientering i representantskapet i Ryfylke IKS (Sak 18/25). Utdanningssenteret skal byggjast vidare i tett samarbeid med kommunane, utdanningsinstitusjonane og det lokale næringslivet.
Kontaktpersonar
- Maria Randaberg, maria.randaberg@rogfk.no, tlf. 95 29 06 35
- Einar Schibevaag, einar.schibevaag@ryfylkeiks.no, tlf: 91 30 89 72